Hopp til innhold

- Vi var for "grøne"

Norwegian-sjefen meiner selskapet har gode føresetnadar for å lukkast på Vigra denne gongen.

Bjørn Kjos, administrerande direktør i Norwegian
Foto: Olav Arne Nedrelid / NRK

Administrerande direktør i Norwegian Bjørn Kjos meiner dei er betre budde no enn sist gong dei starta flygingar til og frå Vigra. Etter eitt og eit halvt år la selskapet ned ruta mellom Ålesund og Oslo i 2004.

– Vi var for ”grøne” den gongen. No har vi større konkurransekraft, og flyg meir effektivt. Dette gjer at vi fraktar kvar einskilt passasjer billegare enn vi gjorde tidlegare, seier Kjos

Stor tru på regionen

Kjos opplever at tilbodet deira er ynskja i regionen.

– Vi har fleire gongar blitt kontakta av næringslivet og privatpersonar der dei har spurt om når vi kjem tilbake. Onsdag er vi her igjen.

Norwegiean-direktøren meiner at eit akttivt næringsliv gjer at strekninga mellom Ålesund og Oslo er stor nok for to aktørar.

Forventar prisfall

Bjørn Kjos er sikker på at konkurransen fører til at det blir billegare å reise til og frå Oslo.

Sist gong Norwegian flaug mellom Oslo og Ålesund fall prisane med nesten 50%. Slik trur han ikkje det blir no.

– Det blir nok billegare å flyge. Men det blir nok ikkje same priskrigen som det var sist gong.