Hopp til innhold

Norwegian på Vigra til hausten

Fra 10. september blir det tre daglege ruter frå Vigra til Gardermoen om kvardagane.

Norwegian fly
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- For oss er det heilt avgjerande at forretningskundane vil reise med oss. Vi har ein konstruktiv dialog med næringslivet på Sunnmøre, seier kommersiell direktør Daniel Skjeldam i Norwegian. Han seier at næringslivet må forplikte seg, og at dialogen om dette held fram etter sommarferien.

Norwegian skal ha tre ruter Ålesund - Oslo om kvardagane:

Frå Vigra 0700, 0935 og 1745

Frå Gardermoen 0820, 1630 og 2035.

LAURDAG:

Frå Gardermoen 0820

Frå Vigra 0935

SØNDAG:

Frå Gardermoen 1400, 1740 og 2035

Frå Vigra 1520 og 1900