– For lita interesse
Det har vore for lita interesse for flygingane til selskapet. Sjølv om dei har auka talet på flygingar på Vigra og hatt svært lave prisar, har interessa vore for liten til at dei har kunna drive lønsamt, seier Ellingsen.
Dermed blir SAS/Braathens nok ein gong einerådande på flygingar til og frå Vigra.
Torill Ytreberg.
– Synd
Næringslivets Hovudorganisasjon i Møre og Romsdal meiner det er synd at Norwegian kuttar ut Ålesund frå rutenettet.
Regiondirektør Torill Ytreberg meiner flyselskapet burde ha hatt ein tettare dialog med næringslivet for å få fylt opp flya.