Nortura permitterer 30 i Ålesund

Nortura har sendt ut permitteringsvarsel til om lag 30 tilsette i Ålesund.

Slakteriet til Nortura i Ålesund
Foto: Aina Rødal / NRK

Dei blir heilt eller delvis permitterte frå 9.mars og førebels til slutten av april.

Nortura er landets største leverandør av egg og kjøt, og permitteringane skuldast lågare produksjon etter redusert sal og stort lager.

Totalt har Nortura varsla permitteringar av 200 tilsette.

I tillegg til Ålesund blir tilsette på Sortland, Bjerka og Steinkjer ramma av permitteringane.