Hopp til innhold

Starta på jordgolv – fekk levere utstyr til SpaceX

Då Elon Musk trong hjelp med å få folk over på plattforma der SpaceX sine romrakettar landar, blei ein gründer frå ei lita bygd på Sunnmøre løysinga.

Sverre Undertun, Undertun Industrier Glomset

Sverre Undertun og Undertun Industri får bestillingar frå spesialsydde landgangar frå store delar av verda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

På Glomset i Ålesund kommune, ei bygd med rundt 80 heimar, ligg Undertun Industri. Vakkert plassert mellom fjord og fjell lagar dei 15 tilsette eit produkt som er ettertrakta over store delar av verda.

Undertun industri, Glomset

Undertun Industri på Glomset i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Leverte til US Navy og romfartsprosjektet til Elon Musk

Du har kanskje ikkje tenkt over det, men på alle dei nesten 400 hurtigbåtane i landet, går du i land på ein landgang frå Undertun Industri.

Og når den amerikanske marinen eller Elon Musk sitt romfartsprosjekt SpaceX var ute etter landgang, så var det Undertun som leverte.

Landgang til SpaceX frå Undertun industri
Foto: Undertun Industri

– Vi har inga marknadsavdeling. Dei finn oss likevel, seier dagleg leiar Sverre Undertun.

Sjefen hoppar inn i trucken og køyrer ut porten for å hente noko som kjem med ein lastebil. Han går ikkje i dress og slips. For lange stunder på kontoret blir kjedeleg.

Sverre Undertun, Undertun Industrier

Bedriftseigar Sverre Undertun er ofte på verkstaden for å gjere fysisk arbeid.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fabrikken på Glomset har ikkje samleband. Ein stor del av suksesshistoria ligg i at alt er spesiallaga til kvar enkelt kunde.

– Folk kjem til oss med problema sine, og så prøver vi å løyse dei. Det er eit stort behov for avanserte landgangar, og det er eigentleg ingen andre som lagar det på skreddarsaum. Mottoet vårt har blitt: Vi skal ikkje lage ting som andre lagar, seier han.

– Eit eventyr

Professor i økonomisk historie ved Norges handelsøyskole, Ola Honningdal Grytten, er svært imponert over det dei får til ved Undertun Industri.

– Dei held til i ei lita bygd, men klarer å slå seg opp og selje eit heilt spesielt nisjeprodukt som dei får levert over heile verda. Dei blir ekspertar på skreddarsydde landgangar. Det er ein kjempeidé – eit eventyr, seier professoren.

Ola Grytten 05.10.2022

Ola Honningdal Grytten er professor ved NHH.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Han synest det er spesielt imponerande at bedrifta har klart å få på plass både produksjon, arbeidskraft og kapital på ein så liten plass. Han trur mange kan ha noko å lære av dette.

– Eg trur at det å finne seg ein nisje innanfor ein marknad slik dei har gjort her, det er framtida. Spesielt her i Noreg der produksjonskostnadene er ganske høge, seier han.

Adrian Undertun sveiser

Adrian Undertun er tredje generasjon Undertun som jobbar på fabrikken. Han er utdanna automatikar, men må lære seg litt av kvart anna også.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Starta på eit jordgolv

Sverre Undertun og faren starta mekanisk verkstad og fabrikk i lag for 30 år sidan. Då var det jordgolv i deler av lokala.

Dei ville ikkje sette seg i gjeld, så nytt golv blei støypt i to omgangar – etter kvart som det var pengar til det.

No er fabrikken flytta til ein ny stad i bygda. Større lokale og mange moderne maskiner. Dei som jobbar der må kunne meir enn ein ting.

Frank Ronny Nærø på Undertun

Frank Ronny Nærø er konstruktør, men dagane er svært allsidige.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Konstruktøren Frank Ronny Nærø sit mykje ved datamaskina og teiknar, men tek seg også gjerne ein tur i verkstaden.

– Det er interessant. Vi skal heile tida prøve å utvikle eit nytt produkt, så det er stadige utfordringar, seier han.

Dagleg leiar Sverre Undertun meiner det viktigaste er at dei tilsette har ei fagutdanning i botnen, og så kan dei lære seg andre ting medan dei jobbar i bedrifta.

– Han på rekneskap er eigentleg flymekanikar, konstruktøren er bilmekanikar og produksjonssjefen har vore både fiskar og snikkar, fortel Sverre Undertun.

Undertun

Dagleg leiar Sverre Undertun likar seg best i fabrikken. – Vi har ein flat struktur her, seier han.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK