Hopp til innhold

Oljenæringa stikk av med unge elektrikarar: Fryktar mangel

Sjølv dei største bedriftene slit med mangel på elektrikarar. No har eit eldgamalt straumselskap funne triks for å lokke dei unge.

Gut klatrar i mast i elektikarmundur. Mann med hjelm ser på dei rare skoa til guten.

DEBUT: Ola Waagen Antonsen klatrar med stolpesko for første gong.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg må seie eg er litt nervøs ja. Dette er første gongen for meg, seier Ola Waagen Antonsen.

Han har på seg slike snabelaktige sko som våghalsar klatrar i straumstolpar med. 17-åringen får prøve seg som ein del av ein sjarmkampanje.

Neas elektrikar skuleelev prøver seg på lodding og ulike kursar

NY KURS: Elevane fekk prøve seg på mykje denne dagen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Treng folk

I nabobygget får andre elevar på elektrofag på Kristiansund vidaregåande skule prøve seg på ulike kursar. Neas-konsernet, med 117 år lang historie, skal overtyde 17-åringane om at dei bør jobbe for dei.

– Vi treng lærlingar, og vi treng energimontørar og elektrikarar. Så her viser me fram og lar dei prøve seg på ulike oppgåver, seier Annicken Hjelle i Neas-gruppa.

Annicken Hjelle, leder for Mellom nettmontasje, Neas-gruppen

TRENG UNGE: Annicken Hjelle frir til elektroelevar.

Foto: Eirik Haux Haukenes / NRK

Men ikkje alle lét seg overtyde umiddelbart.

– Eg er splitta, og tenker mellom automatisering og kjemi og prosess, seier førsteklassingen Tor Sindre Kleivmyr Garshol.

Førsteklassingar Kristiansund VGS

STRAUMSPIRER: Sivert Leander Karlsvik og Tor Sindre Kleivmyr Garshol.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kompisen Sivert Leander Karlsvik legg nok kursen mot automatisering.

Og det er litt av problemet i bransjen.

Smarte hus

For unge elektrikarspirer hamnar gjerne der. Eller reiser offshore, eller stader med turnus.

Dermed blir det færre som kan fikse for oss som slit med ein gåen taklampe eller varmepumpe.

– Mange sit nok med inntrykket av at elektrikaryrket er det same som for 30 år sidan. Det er det ikkje, seier Stein Hendnes i Neas.

Derfor sel dei inn dei meir moderne oppgåvene elektrikar i dag har.

– Ny teknologi, smarthus og grøne løysingar står høgt på menyen, seier han.

Neas elektrikar skuleelev prøver seg på lodding og ulike kursar

NY KURS: Elevane fekk prøve seg på mykje denne dagen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Geiranger med Geirangerfjorden ein vinterdag med blå himmel og blikkstille fjord.

Nær 15.000 har søkt om å få bu gratis her: – Heilt spinnvilt