Hopp til innhold

Norsk juletre kan bli mangelvare

Norge treng fleire som kan starte opp med juletreproduksjon. Det blir planta og dyrka mindre enn det marknaden etterspør. Men det er ein krevjande bransje.

Video Stor mangel på juletre

Juletre av beste merke kan det bli mangel på meinar Edmund Meyer.

Med bortimot hundre mål juletreskog er han sjølv stor produsent, men dei er ikkje mange nok i bransjen til å dekke etterspørselen.

- Noreg har hatt ein for liten produksjon av juletre i mange, mange år, seier Edmund Meyer.

Han greier å produsere ein del sjølv, resten må han kjøpe inn.

Edmund Meyer

Edmund Meyer dyrkar juletre ved foten av Trollstigen

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Tidleg i haust fekk eg vite at det var nesten umogleg å få tak i tre både i Noreg og i Danmark.

Meyer ser på treet som eit barn som treng omsorg. Det er mykje å passe på - og mykje å passe seg for.

Nærgåande hjort og rådyr er det blitt meir av med åra. Dei bryr seg ikkje om vanleg norsk gran, men er ute etter edle sortar.

Edmund Meyer

Skal du behaldle dei edle sortane må du ha eit gjerde som er minst to meter høgt, seier Edmund Meyer.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Skal du få fram dei edle sortane så er du nøydd til å ha eit gjerde som er minst to meter høgt slik at hjort og rådyr ikkje kjem inn på området.

Edmund Meyerved dyrkar juletre ved foten av Trollstigen. Dei får no stå og godtgjere seg til midten av desember.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL