Normalt på Nordøyane

Hurtigbåten MS Valderøy tek opp att normal rutekøyring på Nordøyane frå klokka 20.30, med første avgang frå Ålesund. Det er MS Valderøy som utfører ruta i kveld og første tur i morgon frå Harøya. Resten av dagen er det MS Jektøy som går på denne strekninga.