Hopp til innhold

Nordmann kan vinne The Voice i Chile

Trygve Nystøyl frå Noreg har blitt sangstjerne i Chile. Har er ein av åtte deltakarar som kjempar om å vinne The Voice Chile.

Trygve Nystøyl

KAN VINNE: Trygve Nystøyl er ein av åtte deltakarar som skal kjempe om å vinne The Voice Chile.

Foto: Privat

Trygve Nystøyl

KAN VINNE: Trygve Nystøyl er ein av åtte som kjempar om å vinne The Voice i Chile. Slik blir songaren presentert som deltakar i Chile.

Foto: The Voice Chile

– Sist eg opptredde så vart eg veldig overraska, for eg vann på publikumsstemmer. Det hadde eg ikkje ein gong turt å innbille meg, seier Trygve Nystøyl.

Så langt har det gått bra for Trygve Nystøyl i songkonkurransen The Voice, i Chile. Dersom han får nok stemmer frå publikum sundag, så går han vidare.

– Me er åtte deltakarar igjen, og me skal i elden igjen i dag, seier Trygve.

Vil drive med musikk

Trygve Nystøyl kjem frå Hakkallestrand i Vanylven, og då han flytta til Chile for 13 år sidan vart han verande, med god grunn.

– Eg vart forelska, og så flytta eg, seier han.

Tidlegare har han jobba på ein offshore-båt, og det siste året har han jobba hjå ein skipshandlar. Men, jobb er det lite tid til no som han har blitt The Voice-stjerne.

– Eg har tatt med fri for å halde på med The Voice, så det eg håpar på no, viss eg har maks flaks, er at det blir finale, seier han.

– Etter å ha vore deltakar her, så håpar eg å kunne fortsette og jobbe med musikk, seier Trygve.

Må bevege seg meir

I Chile har det ikkje vore The Voice før i år, og det er rundt ein til ein og ein halv million sjåarar som ser på kvart av dei mange TV-programma. Det er noko Trygve ikkje tenkjer så mykje over.

Trygve Nystøyl saman med coachen sin

COACH: Alvaro Lopez (til høgre) er coachen til Trygve, og han har lært Trygve å synge med kroppen, ikkje berre med stemma.

Foto: Privat

– Viss eg byrjar å tenkje på det, så blir eg nok nervøs. Det er nok best å ikkje tenkje, seier han lattermildt.

Nordmannen har fått mange tilhengarar, og dommarane er nøgde med han. Trygve legg vekt på at den kritikken han har fått har vore konstruktiv.

– Kritikken går på framføringa, ikkje synginga. Eg må bevege meg litt, og eg må synge med kroppen, ikkje berre opne munnen og synge. Eg må leve meg meir inn i musikken, seier han.

– Eg har fått god hjelp til å betre det eg har gjort feil, seier Trygve.

Trur ikkje han vinn

Dei siste vekene har sunnmøringen vore i studio og øvd, frå tidleg om morgonen til seint på kveld. Sundag skal han i elden igjen, på direktesendt TV.

Trur du at du vinn heile greia då?

– Nei, det trur eg ikkje, men slik eg ser det, så har alle som har kome så langt som eg har kome no vunne, seier han.

– At eg skal vinne heile greia torer eg ikkje å tru, legg han til.

Programmet byrjar sundag klokka 22.30 chilensk tid (klokka 02.30 måndag, norsk tid).

SJÅ FRAMFØRINGA FRÅ SIST VEKE:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL