Nordic Light på statsbudsjettet

Fotofestivalen Nordic Light i Kristiansund får for første gong pengar over statsbudsjettet.

Åpningsdag Nordic Light

Nordic Light-sjef Morten Krogvold kan smile breidt over å få pengar over statsbudsjettet. Her frå opninga av festivalen.

Foto: Ken Alvin Jenssen

Teatret Vårt får 2,4 millioner kroner ekstra, mellom anna til vidareføring av barneteatersatsinga i Ålesund.

Bjørnsonfestivalen får 0,2 millionar kroner meir neste år.

Nordmøre museum og Romsdalsmuseet får begge 700 000 kroner ekstra, medan Sunnmøre museum får 600 000 kroner ekstra.

Nynorsk kultursentrum får 1,3 millioner kroner ekstra til arbeidet med etableringa av eit Olav H. Hauge-senter.

Sjå detaljane om Statsbudsjettet her

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.