NRK Meny
Normal

5 millionar kroner til innfartsveg

Innfartsvegen i Ålesund skal trafikksikrast for 5 millionar kroner. Det skal mellom anna kome midtskiljar på vegen.

Innfartsveg Ålesund

Innfatsvegen i Ålesund skal trafikksikrast for 5 millionar kroner.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Pengane kjem som følgje av ei omprioritering på statsbudsjettet. Dette kom opp mot slutten av behandlinga av statsbudsjettet i Stortinget.

Else-May Botten

Else-May Botten representerer Arbeidarpartiet på Stortinget.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det som går på trafikktrygging blir opprioritert. Vi får på plass midtrekkverk og vegskuldrane skal utbetrast, seier stortingsrepresentant Else-May Botten.

Det vert framleis trefelts veg?

Trefeltsvegen blir akkurat som i dag. Men vegen blir utvida på sidene, seier Botten.

Prosjektet ligg inne som eit punkt i Nasjonal transportplan. No kan utbetringa kome så tidleg som i 2011.

– Då det viste seg at det var mogleg å omprioritere på budsjettet, var det viktig for oss å få dette på plass så snøgt som råd. No kan prosjektet setjast i gang alt tidleg i 2011 og bli ferdig same året, seier Botten.