Hopp til innhold

Nominert til europeisk ungdomspris

Ungdomspanelet (UP) i Møre og Romsdal nådde gjennom nålauget og er nominert til "Mest inspirerande ungdomsprosjekt".

Åse Kristin Ask Bakke og Marcus Svenning

Frå Noreg er det ungdomspanelet som har nådd opp i prestisjekåringa. Her noverande leiar Marcus Svenning og nestleiar Åse Kristin Ask Bakke.

Foto: Ingeborg Ellen Forseth / Møre og Romsdal Fylkeskommune

Prosjektet deira heiter "Barn og unges medverknad i samferdselsplanlegging". Saman med fagfolk frå fylkeskommunen, Statens vegvesen, trygg trafikk, storting- og fylkespolitikarar og andre som tek viktige avgjerd, diskuterte dei løysningar på korleis ein kan sikre ungdomsmedverknad i samferdselsprosjekt.

Nestleiar Åse Kristin Ask Bakke hadde ikkje venta at prosjektet ville ende opp med prisnominasjon.

– Eg visste ikkje at det fanst ein pris som kunne passe prosjektet vårt. Då eg høyrde om nominasjonen blei eg veldig glad. Det viser at vi har kome oss eit godt stykke på veg med prosjektet, seier Bakke til NRK.

Dette er saker som ungdom blir ofte ikkje høyrd i, sjølv om det er dei som skal leve med dei realiserte prosjekta den dagen dei står klar, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

– Viktig at unge blir høyrt

Bakke fortel at barn, ungdom og vaksne har heilt ulike syn på samferdsel. Ungdom må enten gå eller ta buss, medan vaksne stort sett brukar bil.

– Av og til ser vi saker der det manglar bruer og gangfelt fordi ungdom ikkje har blitt høyrde.

Planlegginga starta allereie i 2012, og blei gjennomført året etter. Målet er at det skal stå svart på kvitt at barn og unge skal få vere med og bli tatt på alvor i avgjerda av samferdselssaker.

Panelet har kome fram til sju tiltakspunkt for å betre innverknaden til ungdom om samferdsel. Tiltakspunkta gjekk blant anna ut på gje ungdom faste plassar i arbeidsgrupper i samferdselsprosjekt, enklare språk i saksdokument og moglegheiter for permisjon frå skulen for unge som engasjerer seg i politiske prosessar.

Prisutdeling i Brussel

Ungdomane fekk svært positive tilbakemeldingar då dei besøkte Stortinget.

To representantar frå ungdomspanelet har no blitt invitert til Brussel under Den europeiske ungdomsveka i starten av mai. I tillegg blir alle prosjekta presentert i ei «best practice-brosjyre» og det skal bli sett opp ei stor fotoutstilling sentralt i Brussel, med bilde og informasjon om aktivitetane som har tatt plass under ungdomsveka.

– Det er midt i russetida vår, men slikt må vi ta oss tida til. Det vert utruleg spennande, seier Bakke.

Sjå videoar frå møtet i 2013 her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL