Hopp til innhold

– Ungdomspanelet bør bli involvert

Ungdomspanelet bør bli involvert mykje tidlegare i samferdselssaker som særleg angår ungdom, det meiner Hege Gagnat som representerer Arbeidarpartiet i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Hege Gagnat

Hege Gagnat meiner ungdomspanelet i større grad bør bli involvert i i samferdselssaker som angår dei.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndag utfordra ho leiinga i samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

– Ungdomen har eit stort engasjement for kollektivtransporten i fylket. Difor er det viktig at ungdomspanelet og ungdomsråda kjem tidleg inn i prosessen og får seie si meining, seier Gagnat.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har også tidlegare uttrykt eit ynskje om å bli involvert og tekne på alvor i samferdslespørsmål.

Har mykje å bidra med

Gagnat meiner kollektivtransport og "heim for ein 50-lapp" er område som ungdomspanelet har jobba mykje med. Under ungdomens fylkesting i helga blei det blant anna jobba med eit stort gruppearbeid omring "heim for ein 50-lapp". Det blei gjort for å gi informasjon til administrasjonen i fylket på korleis tilbodet fungerer og korleis det blir opplevd ute i dei ulike kommunane.

– Dette er tilbod som ungdomen er svært opptatt av og som dei er avhengig av, seier Gagnat.

Ho meiner Ungdomspanelet kan bidra positivt på fleire måtar innanfor politikken.

– Eg tykkjer dei er seriøse og engasjerte, jobbar bra og legg fram sakene sine på ein bra måte. I tillegg held dei oss vaksenpolitikarane litt i øyra, og det er bra, seier ho.

Vil be om eit møte

Samferdselssjef Arild Fuglseth seier dei no kjem til å be om eit møte med ungdsompanelet.

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Arild Fuglseth seier dei no kjem til å be om eit møte med ungdsompanelet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Der vil vi orientere om dei nye tinga vi jobbar med innanfor billettering og informasjonssystem i forhold til kollektivtrafikken, seier Fuglseth.

Han meier det er viktig å lytte til det ungdomane har å seie.

– Dei er svært oppegåande på sosiale medium og er vande med å bruke ny teknologi, så dei innspela som ungdomen kjem med er viktige for oss, seier samferdselssjefen.