Hopp til innhold

No startar utbetringa av E136

Samferdselsdepartementet har signert ein vegutbyggingsavtale med selskapet Nye Veier. Dei har ansvaret for planlegging og utbygging av strekninga E136 Dombås-Vestnes i fylka Innlandet og Møre og Romsdal.

I første omgang har Nye Veier valt å prioritere tiltak til utbetring på delstrekningane Veblungsnes i Rauma og Stuguflåten-Raudstøl. Det er forventa at utbyggingskostnaden for dei to delstrekningane vil vere i underkant av 445 millionar 2023-kroner. Det melder Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.