På riksveg 62 mellom Ballsneset og Øksendalsøra har det gått to ras. Rasa gjekk i halv ti-tida i går kveld.
Eitt ved Ballsneset og eitt ved Grytneset nærare Øksendalsøra.
Blei hjelpte ut
I dag tidleg opplyste Magne Fredriksen, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt at alle personane i løpet av natta hadde teke seg i hus hos folk som bur i Jordalsgrenda.
Omlag klokka 0930 måndag føremiddag fekk dei ni hjelp frå vegvesenet til å kome seg forbi rasstaden.
Sjøsøk
Det er gjennomført eit sjøsøk i same området for å forsikre seg om at ingen fleire bilar er tekne av rasa, men ingen ting tyder på det, seier Fredriksen.
Blir truleg ikkje opna i dag
Den eine rasstaden blir truleg rydda i løpet av dagen, men det er lite truleg av vegen blir opna igjen i dag.
Fleire tusen kubikkmeter stein og jord sperrar vegen her ved Grytneset i Sunndal. (Foto: Roar Strøm, NRK)