NRK Meny

NFU har kontakta advokat

Norsk Forbund for Utviklingshemmede i Ålesund, har kontakta advokat for å hindre at omlag 40 familiar får redusert tilbod om avlastning neste år. Ålesund kommune har vedtatt å kutte i tilbodet til foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne med 3 millionar kroner. Styremedlem Janne Muri meiner kommunen ikkje kan fjerne tilbod utan at det ligg individuelle vurderingar til grunn, sjølv om målet er eit budsjett i balanse.