Eit engasjert ungdomsråd i Nesset kan ta store delar av æra for at kommunen stakk av med tittelen «Årets ungdomskommune 2013».
Vil at ungdom skal busette seg i Nesset
Prisen vart motteken av Vibeke Remmen og Marie Solgard frå ungdomsrådet i Nesset kommune under Ungdommens fylkesting.
Dei er to av dei som er flinke til å engasjere seg og til å legge til rette for ungdommen i Nesset.
– Ei av hjartesakene våre i Nesset Ungdomsråd er å gi alle ungdommane i kommunen lik mogelegheit til å delta på aktivitetar uansett kor dei bur eller kva økonomi dei har, sa dei to under utdelinga.
Målet deira er å få så mange unge som mogleg til å ville busette seg i Nesset i framtida.
– Vi vil at ungdommane skal trivast i kommunen slik at dei ønskjer å flytte tilbake og busette seg der etter studietida.
«Årets ungdomskommune»
Ungdommens fylkesting kårar «Årets ungdomskommune» i Møre og Romsdal kvart år, og prisen skal gå til ein kommune som har utmerkt seg ved å legge til rette for ungdom.
Når tinget skal kåre ein vinnar, ser dei på om det er skapt gode møteplassar i kommunen, om der er allsidige fritidstilbod, eller om det på anna vis er gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen.
I år var to kommunar nominert til «Årets ungdomskommune», Nesset og Sula.
Les meir om utdelinga av prisen på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.