Hopp til innhold

Nektar å godta eldre ferjer

Dei strøymde på til rådhuset på Larsnes frå Kvamsøya og Sandsøya for å protestere mot eldre og dårlegare ferjer.

Sterkt ferjeengasjement på Ytre Søre.

Inge Andre Utåker

Inge Andre Utåker i Norled lova å sjå på situasjonen på Ytre Søre på nytt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter møtet hadde dei fått eit lite håp om at dei kan få behalde ferja Kvam som etter planen skal til Nordøyane. Norled opnar for dette, men må vurdere om verforholda er verre på Ytre Søre enn på Nordøyane. Regionsjef Inge Andre Utåker i Norled seier til NRK at dei skal ta ei runde på dette no. Folk på øyane fryktar at dei skal få inn ferja Austevoll, som dei reknar som langt dårlegare enn Kvam.

Ferjekaia på Larsnes

Ferjekaia på Larsnes.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men møtet på Larsnes som ordførar Dag Vaagen (H) i Sande hadde tatt initiativet til handla om mykje meir enn om ferja Kvam skal halde fram med å trafikkere sambandet på Ytre Søre. Det handla om anbodsrunder, gamle ferjer som skal oppgraderast for å tilfredsstille krav og ikkje minst om folk og næringsliv som fryktar at kvaliteten på tilbodet vert langt dårlegare enn i dag.

Til møtet hadde mange tatt turen frå Kvamsøya og Sandsøya for å få med seg informasjonen frå Norled, frå Statens vegvesen og samferdselsavdelinga i fylkeskommunen. Både samferdselssjef Arild Fuglseth og den politiske leiaren for samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne (SP) var på plass.

Uroa næringsliv

Det samme var ordførarane i Hareid og Ulstein saman med fleire næringslivsorganisasjonar som også fryktar for tilbodet. Ettersom møtet vart halde på Larsnes var det stort fokus på om ferja Austevoll skal ta over for Kvam om eit knapt år når den nye anbodsperioden tek til. Men ikkje minst den maritime næringa og Hareid-ordførar, Anders Riise (H) var uroa over at den eine ferja på Hareid-Sulesund skal erstattast med det mykje eldre fartøyet, Ullensvang.

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne merka seg det sterke engasjementet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Oddbjørn Vatne seier at fylket har hamna i ein skvis, at det kostar for mykje pengar med ferjedrifta og at dei ikkje torer å stille krav om til dømes alder på ferjene. Erfaringane med dette er nemleg at kostnadene skyt i veret. Vatne meiner staten må auke overføringane vesentleg. Han oppmoda både lokalpolitikarar og næringslivet om å jobbe for å få til dette.

Vil ikkje ha eldre ferjer

Konklusjonen etter møtet er som det var før møtet: Folk er ikkje fornøgde med at dei kan få eldre og dårlegare ferjer enn det som finst i dag. Enkelte lurte på om dette verkeleg var mogleg i verdas rikaste land, medan andre samanlikna det med å fjerne gulestripa frå riksvegnettet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL