Hopp til innhold

Nei til vern

Olivinfuruskogen i Onilsafeltet i Norddal kommune blir ikkje verna.

Gammel furu
Foto: Gro Narvestad / NRK

Direktoratet for naturforvaltning avslo kravet frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.


Dei to organisasjonane har bede om vern av to område i fylket, eit i Norddal og eit i Volda.

Men førebels ser ikkje Asbjørn Tingstad i Direktoratet for naturforvaltning at det er naudsynt.

- Skal ein bruke førebels vern blir det krevd at det er ein akutt trussel mot områda. Vi meiner vilkåra ikkje er til stades for det no, fortel Tingstad.

Ville verne to område

Vern av Onilsafeltet i Norddal kommune vart avslått då kommunen sjølv har planar om å endre dette feltet frå råstoffområde til verneområde.

Det vart også framsett krav om vern av dei omstridte skogane ved Tjørnakkane i Volda. Men dette vil ikkje Direktoratet for naturforvalting ta stilling til før på nyåret.

Vil ha meir informasjon

- Det er eit område som vi har ønska meir kunnskap om. Det er gjennomført biologiske undersøkingar der i år som skal rapporterast på slutten av året. Vi vil legge til grunn dei registreringane før vi tek ei avgjerd.

Sidan det ikkje er skogbruk i dette omårdet no ser Tingstad ikkje grunn til å innføre midlertidig vern.

- Rart

At det trengs fleire rapportar for å stadfeste verneverdien synes Øystein Folden i Naturvernforbundet er rart.

Øystein Folden

Øystein folden synest avgjerda til direktoratet er rar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Det synest vi er rart. Det føreligg fleire rapportar allereie som er godt kjent.

Folden trur det er andre interesser enn å bevare olivinfuruskogen som blir prioritert i denne saka.

- Direktoratet kunne verna no, men føre-var gjeld kanskje å ta vare på økonomiske forhold for grunneigarar, og ikkje uerstattelege verdiar i form av tap av biologisk mangfald.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL