Hopp til innhold

Får ikkje ta opp rømt fisk med garn

Det vert ikkje opna for garnfiske for å få vekk den rømte oppdrettslaksen i Sunndalfjorden. Aurebestanden kan bli skada.

Rømt laks i Sunndalsfjorden

Fiske etter rømt laks i Sunndalsfjorden.

Foto: Ole O. Furu

Det seier Leif Magnus Sættem i miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kokar av fisk

I går kom det fram at Sunndalsfjorden kokar av rømt oppdrettslaks.

Mange har fiska for harde livet for å få laksen opp av fjorden, men garnfiske er altså ikkje aktuelt. Dei er redde villaksen vil gå i garnet.

– Vi vil verne villaksen. Fisken som i går vart fiska i Sunndal var ung og umoden, og vil dermed ikkje gå opp i elvane og gyte, seier Sættem.

Tragisk

Store mengder rømd oppdrettslaks er dei siste dagane fiska heilt inn mot Sunndalsøra.

Leiar i jeger- og fiskerforeninga i fylket, Ole Furu, synest det er tragisk.

- Det er jo gale for dei som driv med oppdrett, men ikkje minst for elva her, seier Furu til NRK.

Har mistanke


Jan Erich Rønneberg, rådgjevar i Fiskeridirektoratet i Ålesund, seier dei har ein klar mistanke om kvar fisken kjem frå.

Dei har varsla det aktuelle anlegget, og dei prøver no å finne ut om det er hol i merdene.

Rønneberg vil ikkje oppgi kvar fisken kjem frå før dei er heilt sikre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL