NRK Meny

Nedgang i utanlandstrafikken

Talet på passasjarar som reiste til eller frå Ålesund lufthamn Vigra i førre månad auka med to prosent. Totalt var det nesten 101 000 reisande som brukte flyplassen. Innanlands er det særleg rutene til Oslo og Trondheim som har auke, medan nedgang i utanlandstrafikken skuldast at direkteruta til London blei lagt ned. I Molde var det ein auke i utanlandstrafikken, medan innanlandstrafikken gjekk ned med 8 prosent. Kvernberget hadde ein mindre auke innanlands og ein mindre nedgang i utanlandstrafikken

Ålesund lufthavn Vigra
Foto: Remi Sagen / NRK