Naudsignal frå båt

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg melder at det er sendt ut naudsignal frå eit mindre fartøy ved Runde i Herøy. Helikopter er på veg frå Florø, og redningsskøyta Klaveness Marine er sendt ut. Situasjonen skal vere uavklart.