Hopp til innhold

Har satsa millionar på turistar som ikkje kjem

Han investerte over 20 millionar kroner og satsa på at busslastar med tørste cruiseturistar skulle stoppe og kjøpe kaffi. Så kom koronaen.

Frå bensinstasjonen Hornindal

Trua på at kaffitørste, utanlandske turistar skulle gi auka vekst for drifta i årevis framover, investerte Kjetil Grodås over 20 millionar kroner. Men i sommar kjem ingen av dei inn dørene til bensinstasjonen hans.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Alt gjekk kjempebra både i fjor og året før. Utanlandske turistar frå cruisebåtar og turbussar kjøpte kaffi i bøtter og spann då bussane tok pause til og frå vestlandske turistopplevingar, seier Kjetil Grodås.

Det er vel to år sidan han brukte 26,5 millionar kroner med moms for å oppgradere bensinstasjonen i Hornindal i Volda.

Men no er det bråstopp, seier Grodås.

Turistane bankar ikkje på døra

Bensinstasjonen vart starta av bestefaren på 1960-talet, og ligg midt i smørauge for turisttrafikken med reisemål som Geiranger, Briksdalen, Strynefjellet, Stad og Loen innan kort avstand.

Grodås satsa på kaffitørste turistar fordi det er eitt av vareslaga med best forteneste.

Bensinstasjonen YX i Hornindal

Bensinstasjonen til Grodås er utvida og oppgradert for over 20 millionar kroner.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det gode kaffisalet mistar vi i år. Nordmenn kjøper mest hamburgarar, pølse og sjokolade. Drivstoff er ikkje nødvendigvis det bensinstasjonar har mest att for å selje, seier han.

– Utan å vere dramatisk trur eg turismen aldri blir den same att, seier Grodås som har store lån som skal nedbetalast.

Skulle vere tidenes sesong

Ikkje mange mila unna ligg Valldal og serveringsstaden Jordbærstova, ei anna lokal bedrift som er avhengig av bussturisme. Med 21 års drift bak seg låg årets sesong an til å bli den beste av dei alle.

Serveringstaden Jordbærstova i Valldal

Jordbærstova er ein populær stoppestad for bussturistar frå både cruiseskip og dei som drar med turbussar landet rundt.

Foto: Kristin Støylen

– Aldri har cruiseselskapa tinga så mange lunsjar som i år, og aldri har lokala vore tommare enn denne sesongen, sukkar Åse Erstad, eigar og dagleg leiar av Jordbærstova.

Bedrifta ligg ved ein av dei mest populære turistvegane i landet, strekninga mellom Trollstigen og Geiranger. Det er ein populær stoppestad for cruisepassasjerar på busstur over Trollstigen frå hamnene i Molde, Åndalsnes og Geiranger.

Jordbærstova blir driven på sesongbasis der hektiske sommarmånader gir inntekt for resten av året. Men no er alle utanlandske avtalar skrinlagde, og det same er svært mange avtalar med norske turselskap som har innstilt turar.

– Pensjonistar avbestiller bussturar i fleng på grunn av koronaen. No føler vi verkeleg at det vi har slitne og streva for dei siste 21 åra blir rive ned, seier Erstad.

Åse Erstad ved Jordbærstova i Valldal

Åse Erstad har i 21 år drive serveringsstaden Jordbærstova i Valldal. Ho er redd ho må vente lenge på trappa før ho kan ønskje cruisepassasjerar velkomne igjen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I sesongen gir Jordbærstova arbeid til 10 personar i tillegg til Åse og ektefellen Kåre. Likevel får dei ikkje økonomisk stønad frå det offentlege til å overleve.

– Vi får ingen dagpengar som koronahjelp fordi vi har nådd pensjonsalderen. Vi er rett og slett for gamle, sukkar Åse, og legg til at bedrifta snur på flisa for å unngå konkurs.

– Det har vore veldig trist

I turistbygda Olden lenger sør på Vestlandet ligg Yris Café. I huset har det vore drive kafe og pensjonat i over 50 år.

– Det har vore veldig trist, seier Elly Andersen. Ho er dansk, følgde kjærleiken og kom til Noreg for mange år sidan. Saman med sambuaren har ho også ein butikkfilial i Geiranger.

– Men det har vore ei katastrofe der også, seier ho.

Yris cafe i Olden

Kafeen i sentrum av Olden har i årevis basert drifta på turistar frå inn- og utland. Håpet er at norske turistar vil stoppe når dei besøker Briksdalen og andre reisemål i området.

Men alt håp er ikkje ute, og no ser kafedrivarane fram til juli.

– Det ser ut som det er god booking på hotella og campingplassane.

Reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, har åtvara om at ferierande nordmenn skil seg frå utanlandske tilreisande på et viktig område – dei legg att mindre pengar.

Men Elly Andersen er ikkje uroa.

– Nordmenn er litt annleis enn danskar sånn sett. Dei slepp seg laus når dei er på tur.

– Støtteordninga er mest som ein vits

På bensinstasjonen i Hornindal funderer Kjetil Grodås over kompensasjonen mindre bedrifter får eller ikkje får under koronakrisa. Sjølv har han fått 50.000 kroner i slik støtte.

– Men vi må leige inn rekneskapshjelp for mesteparten av summen. Det er så mykje papirarbeid med å dokumentere alt, at eg har ikkje tid til slikt. Støtteordninga er mest som ein vits å rekne, og har lite føre seg, seier han.

Samarbeidet med banken er svært bra, men eit trasig tiltak kjem han neppe utanom.

– Det er utruleg kostbart å ha folk i arbeid, så vil må diverre prøve å redusere bemanninga.

Kjetil Grodås ved Grodås Bilsenter i Hornindal.

Kjetil Grodås er glad for at bensinstasjonen har fleire bein å stå på enn kioskvarer og drivstoff.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Får ikkje gjort så mykje med situasjonen

Sjølv med godt over 20 millonar kroner i investeringar og sviktande kundegrunnlag, forsikrar Kjetil Grodås at han søv godt om natta. Han er av dei som sjeldan uroar seg over slikt han ikkje kan gjere noko med.

– Det mest spennande for alle som er avhengige av sommarturisme, er om vi får så stor omsetning i tida framover at vi kan klare oss økonomisk også gjennom dei tronge vintermånadane, seier Kjetil Grodås.

Lagnaden til mangt eit lokalt turisttilbod kan bli avgjort dei komande par feriemånadane.