Hopp til innhold

Nær kulderekord ved kysten i desember - Bikkjekaldt på Fiskå

Dei som bur ytterst ved kysten har hatt ein langt kaldare desember enn vanleg. Den gjennomsnittlege temperaturen ligg like ved rekordmålingane frå desember 1981.

Vinter i Djuvika på Fiskå

Fiskå i Vanylven har opplevd ein uvanleg kald desember månad.

Foto: Solveig Opsal

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det er to desembermånader som skiljer seg ut når det gjeld middeltemperatur i Møre og Romsdal. Desember 1978 og desember 1981 hadde verkeleg kalde dagar. Men no nermar desember 2010 seg desse målingane når det gjeld ytre strok.

Vinter på Ona

På Ona, midt i Golfstraumen, er det nesten sett ny kulderekord.

Foto: Hanne Berg

– Vi har ikkje sett minimumsrekordar på einskilddagar. Men ser vi må middel-temperaturen er vi i ferd med å snuse på rekordar for desember, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

Sjekk veret hos deg her:

– Kaldt i Fiskåbygd

Fiskåbygd ligg heilt ute i havgapet i Vanylven kommune. Her, like ved Stad, varmar normalt varmen i havet lufta som ofte kjem i vestlege vindar. Dette har nomalt betydd temperaturar godt over frysepunktet også i lange periodar om vinteren. I desember i år har luftstraumane kome langt autsfrå, frå det kalde Russland.

Dette har ført til temperaturar ved kysten som kanskje ikkje imponerer folk frå Røros og Tynset. Men det skal ikkje mange minsgradene til for å imponere folket på Fiskå.

– Vi har målt temperaturen i Fiskåbygd sidan 1969. I desember i går ligg gjennomsnittstemperaturen på Fiskå på minus 3,8. I desember i 1981 var den tilsvarande gjennomsnittstemperaturen på minus 4,4. Så her ligg vi nær opp til rekorden, seier Fagerlid.

Kalde einskilddagar

Men sjølv om middeltemperaturen ikkje høyres så veldig kald ut, har det vore einskilddagar med tosifra minusgrader også heilt ute ved kysten. Dei som bur i Fiskå i Vanylven hadde det kaldt i natt.

– I Fiskåbygd var det i natt minus 12,4 grader. Dette er kaldt til å vere så langt ute ved kysten, seier Fagerlid. Til og med Ona hadde fleire minusgrader og kom ned i minus 3,9 i natt, fortel han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Nær rekord på Ona

Også på øyar, holmar og skjær, som er omfløydde av vatn frå den varme Golfstraumen, er temperaturane forholdsvis låge. Til og med Ona har hatt minusgrader. Men gjennomsnittet for desember her ligg på 0,2 grader.

– I 1981 var middeltemperaturen her minus 0,4. Her ligg vi veldig nær ein kulderekord, seier Fagerlid.

Minus 30 grader i fjellet rundt oss

Men vi skal ikkje langt frå kysten før det er verkeleg sprengkaldt. To og ein halv times køyring frå ytre strok kan få deg inn i område med 30 minusgrader.

– I natt hadde vi dei lågaste temperaturane i landet på grensa mellom Møre og Romsdal og Oppland. Bjorli var kaldast i landet med minus 31,8. Grotli hadde minus 28,5. Men vi har også stader lenger ut mot kysten som har minus 15 grader. Tågdalen i Surnadal hadde minus 15 i natt, seier Fagerlid.

Høgtrykk over Skandinavia

Det ligg no eit høgtrygg over Skandinavia. Dette tek med seg kald luft frå det indre Russland, og hindrar også varme vindar frå sørvest å slå inn over landet.

– Kulda har fått taket over Sør-Noreg. Då er det vanskeleg for mildlufta å trengje seg inn. Men prognosane seier vi straks får nokre mildare dagar. Onsdag stig temperaturen på dei kaldaste plassane med 10 grader. Kulden tek slutt i første omgang, seier Fagerlid.