Hopp til innhold

– Heilt ekstreme temperaturar

Det går mot ein rekordkald desember fleire stader på Sørlandet. Kulderekordar både på Hovden og Kjevik.

Vigeland

KALDT: Det er sett fleire kulderekordar på Sørlandet i jula. På Vigeland var det bikkjekaldt 2. juledag.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

– Når det er så kaldt at folk vert plaga av det er det litt artig å kunne konstatere at vi har vore med på å setje nye kulderekordar, seier vêrstatistikkar Bernt Lie til NRK.no.

– Søndag hadde vi ein døgnmiddeltemperatur på Kjevik som var akkurat 19 grader under normalen. Det normale er minus 0,7 grader. Når ein har ein dag som har vore omtrent 20 grader kaldare enn normalt gir det ein indikasjon på kor ekstremt det har vore, seier Lie.

Heftige rekordar

Allereie i november festa kulda grepet om landsdelen, og det vart rekordkaldt. Dette har helde fram i desember. Ein av dei heftigaste rekordane kom søndag, på målestasjonen på Kjevik i Kristiansand.

Der vart det målt 22,9 minusgrader, og desemberrekorden vart slegen med nesten ei og ei halv grad. Den tidlegare rekorden var på 21,7 minusgrader og vart sett i 1981.

– Det er heilt vilt, eg trur neppe eg har sett det før. Det kan nok ha førekomme på Finnmarksvidda eller i indre strok på Austlandet, men ikkje så kystnært som på Kjevik, seier han.

Ny Hovden-rekord

Temperaturane på Kjevik gir eit snitt i desember, som er godt under normalen for Kristiansand.

– 1. juledag etter 25 døgn var månadsmiddeltemperaturen på minus 9,0 grader. Det normale på ein heil desember er minus 0,1 grad. Så ein ligg kvar kvar desemberdag i 25 døgn, i snitt 9 grader kaldare enn normalt. Ein månadsmiddeltemperatur som gir ni grader under det normale er heilt eksepsjonelt, seier Lie.

På Hovden kjem det stadig nye rekordar. I november fekk vi den kaldaste dagen nokonsinne i Aust-Agder då dei målte 29,9 minusgrader, tre grader kaldare enn den gamle rekorden frå 2002.

Lågaste på 14 år

Dette heldt fram i desember. I går vart det mål minus 33 grader på Hovden, det kaldaste nokonsinne sidan målestasjonen var på plass midt på 90-talet.

– Det er det lågaste i desember for dei 14 åra som Hovden-målingane har vore på noverande målestad, seier Lie.

Statsmeteorolog Børje Johansson er overraska over dei låge temperaturane, men torer ikkje heilt å spå rekord enno.

– Heilt på slutten, 30. eller 31. desmeber kan det bli plussgrader. Det er litt usikkert endå, men om kulda hadde helde fram heilt ut hadde det blitt skikkeleg desember-rekord på Sørlandet, seier han til NRK.no.

Trur på nye rekordar

Men Bernt Lie trur likevel at det har blitt sett nye rekordar når vi kjem inn i 2011.

– Endar det på dette og ein framleis ligg på minus 9 grader som komplett månadsmiddeltemperatur er det 1,4 lågare enn desembermiddelet var i 1981. Over store delar er av Sør-Norge ligg det som det kaldaste i statistikkane, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %