Eit Widerøe-fly kom svært nær Braathens-flyet, og det var berre det automatiske antikollisjons-systemet på flya som hindra ei alvorleg ulykke.
Flygeleiaren som hadde oppsyn med dei to flya fulgte ikkje godt nok med, og avdelingssjef Per Harald Pedersen ved Oslo fatale konsekvensar.
3.juni i fjor
Djupt inne i fjellet i Røyken i Buskerud ligg kontrollsentralen som overvakar all flytrafikk på austlandet. Det var her den fatale feilen skjedde 3. juni i fjor, då eit Braathens-fly var nær ved å kollidera med eit Widerøe-fly. Det eine flyet var på veg frå Gardermoen til Molde, det andre kom frå Værnes og skulle til Torp. Flygeleiaren som hadde ansvaret gav beskjed om at det eine flyet skulle fly høgare og at det andre skulle fly lågare.
Men beskjeden kom for seint, ifylgje Havarikommisjonen fordi flygeleiaren var mentalt ute av balanse, blant anna på grunn av ein privat telefonsamtale han hadde fått tre minuttar før dette skjedde. Private samtalar skal ikkje skje på jobben, og i dette tilfellet kan telefonsamtalen ha vore ein medverkande faktor til at ordren frå flygeleiaren kom for seint. Det seier Karl Bjarne Kapaasen ved Havarikommisjonen for sivil luftfart:
3600 meters avstand
Dei to flya frå Braathens og Widerøe skulle etter reglane hatt ein avstand mellom seg på over 9200 meter. Men - på det næraste var dei to flya berre 3600 meter frå kvarandre. Alt for lite for passasjerfly som har ein fart på fleire hundre kilometer i timen.
Rapporten frå Havarikommisjonen peikar på at flygeleiaren som hadde ansvaret denne dagen ikkje burde ha vore på jobb, fordi han av private grunnar var for lite konsentrert.
Det var ein alarm frå det automatiske antikollisjonssystemet som varsla kapteinane i dei to flya om at noko var gale. Utan vidare kontakt med flygeleiaren manøvrerte dei seg bort frå kvarandre. Ifylgje Havarikommisjonen er det svært sjeldan at to fly kjem så nær kvarandre at antikollisjonssystemet blir utløyst.
Heldigvis gav det automatiske antikollisjonssystemet beskjed om at noko var gale. Eit samanstøyt blei avverga, og havarikommisjonen konkluderer med at flygeleiaren ikkje burde ha vore på jobb denne dagen
Etter nestenulukka blei han straks teken ut av jobb, men han er no tilbake som normalt.