Hopp til innhold

Myklebust verft skal bygge brønnbåt

Kleven har signert kontrakt om bygging av ein brønnbåt ved Myklebust verft. Båten er designa av Rolls-Royce.

Brønnbåt designa av Rolls-Royce

Brønnbåten kan frakte opp mot 500 tonnlevande fisk fordelt på tre tankar.

Foto: Rolls-Royce

Det var under dagens 100-årsfeiring på Myklebust verft at den nye kontrakten vart offentleggjort. Det er det norske reiarlaget Sølvtrans som har bestilt båten og kontrakten inneheld også opsjon på ytterlegare eitt fartøy.

– Eg er svært glad over at denne kontrakten no er på plass, og at vi kunne formidle den glade nyheita på jubileumsfeiringa, seier Ståle Rasmussen i ei pressemelding.

Han er konsernsjef i Kleven. Kontrakten var viktig for verftet, som treng meir arbeid. Kleven har ikkje bygt brønnbåtar før og konsernsjefen ser på dette som eit interessant segment.

Det er Rolls-Royce som har designa fartøyet. Dei skal også levere utstyr som vinsj, thrustarar og automasjonsanlegg. Havyard MMC skal levere komplett fiskehandteringspakke i den nye brønnbåten. For Havyard er dette den største enkeltkontrakten til no, med ein verdi på 70 millionar kriner.

– Vi har også merka dei tøffe tidene, sjølv om vi ikkje hovudsakleg leverer til offshore-marknaden, seier Roar Stenersen i selskapet. Dei er no sikra full sysselsetting ein god periode framover.

Båten skal leverast i mars 2017.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL