Hopp til innhold

Mykje bråk på byen i natt

Politiet i heile fylket har hatt nok å henge fingrane i i natt. Sunnmøre politidistrikt har loggført 18 oppdrag med ordensforstyrringar. 17 personar vart vist vekk frå Ålesund sentrum.

2. juledag er den store utelivskvelden og politiet var budd på mykje bråk i natt. I Molde måtte to personar til legevakta etter at dei ramla gjennom vindauget på ei butikkdør i Storgata. Den eine personen fekk kuttskadar i ansiktet.

I Kristiansund knuste ein mann to ruter og tok seg inn i eit hus på Kongens plass. Mannen i 20-åra vart pågripen inne.

Ein annan mann laga bråk på ein bensinstasjon i Molde og vart sett i arresten for å avrusing, fordi han ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv, skriv politiet på twitter.To andre personar vart vist vekk frå utestadar i Molde og Kristiansund fordi dei var så rusa.

Også på Sunnmøre har det vore bråk i natt. Politiet har loggført 18 hendingar med ordensforstyrring. 15 av episodane har skjedd i Ålesund, der 17 personar vart vist vekk frå sentrum. Tre personar vart arresterte.

Det var også tilfelle av vald i Ålesund i natt. Ein mann melde at han vart angripen av to andre personar på gata. Han fekk skadar og vart tatt hand om av ambulanse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL