Musikar koronasmitta

Den kjende jazzmusikaren og komponisten Nils Petter Molvær avlyser fleire konsertar framover fordi han er smitta av korona. Dette skriv han sjølv på Facebook. Konsertane i Gliwice, Warszawa og Cormons blir avlyste. Han håper å kunne spele i Roma i starten av november. Musikaren skriv at han har fleire symptom som tap av luktesans, feber og pustevanskar.

Nils Petter Molvær
Foto: Per Ole Hagen / NRK