Hopp til innhold

Mottok miljøprisen for 2022

Reiarlaget Nordic Wildfish frå Valderøya i Giske mottok Møre og Romsdal fylkeskommunen sin miljøpris for 2022 då fylkestinget opna i Molde i dag.

Nordic Wildfish får prisen for engasjementet sitt for å redusere den marine forsøplinga og fordi dei er eit førebilete.

Reiarlaget har tatt store grep for å hindre spreiing av plast og marint avfall.

Tilsette deltar i ryddeaksjonar for å bli bevisst konsekvensane av marin forsøpling. I tillegg deltar Nordic Wildfish i "Fishing for litter" som hentar i land mista fiskeutstyr.

– Det handlar om bevisstgjering av dei som kan gjere ein forskjell på havet, seier Anders Bjørnerem i Nordic Wildfish.

Nordiic Wildfish mottar Møre og Romsdal fylkeksommune sin miljøpris for 2022.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL