Hopp til innhold

Motorsykkelførar alvorleg skadd i ulykke Ulsteinvik

Ein MC-førar blei henta med luftambulanse etter å ha kollidert med ein personbil i Ulsteinvik natt til første påskedag.

Trafikkulykke Ulsteinvik

ULYKKE: Ein person blei sendt til St. Olavs hospital i Trondheim etter at ein bilførar og ein MC-førar kolliderte i Ulsteinvik natt til søndag,

Foto: Tipsar

Politiet fekk melding om ulykka i Ulsteinvik på Sunnmøre klokka 00.39 natt til søndag. Ifølge meldingane var det snakk om ein kollisjon mellom ein MC-førar og ein bilførar.

Naudetatane kom raskt til staden og luftambulansen blei etter kvart tilkalla. Denne landa like etter klokka eitt. Rundt klokka 01.50 blei den skadde frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med luftambulanse.

Føraren av motorsykkelen, som er i tenåra, skal vere alvorleg skadd. Personen skal ifølge politiet ha blitt kasta av motorsykkelen i samanstøyten.

Søndag morgon har det ikkje kome nye opplysningar om helsetilstanden til føraren av motorsykkelen.

Føraren av personbilen er ein mann i 20-åra, opplyste politiet til Sunnmørsposten natt til søndag. Han skal ikkje ha fått fysiske skader i kollisjonen.

Laster Twitter-innhold

Tekniske undersøkingar

Ulykka skjedde i Sjøgata, som ligg i sentrum av Ulsteinvik. Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har i natt jobba på staden. Desse undersøkingane blei avslutta søndag morgon.

Trafikkulykke i Ulsteinvik. Kollisjon mellom MC- og bil.

Ulykka skjedde i sentrum av Ulsteinvik.

Foto: Tipsar

Vegen var difor stengt i ein periode etter ulykka, men blei opna igjen klokka 06.30.

Det skal ha vore vitne til ulykka, som politiet har avhøyrt. Roar Fylling, operasjonsleiar i politiet i Møre og Romsdal, opplyser at dei vil halde fram med etterforskingsarbeidet i dag.

– Vi skal ta ein del vitneavhøyr i dag og vil etterforske saka vidare, seier Fylling til NRK søndag morgon.

Operasjonsleiaren seier at det så langt er for tidleg å seie noko om kva som var årsaka til ulykka.