Hopp til innhold

Mot nye høgder for Møre Trafo

Dårlege tider rammar ikkje all industri. Fabrikken som lagar trafokioskar og nettstasjonar, har aldri før hatt det så travelt. I år blir det omsetningsrekord.

Møre Trafo

Splitter nye transformatorar og nettstasjonar blir nye kontrollerte før dei blir sendt ut på marknaden over heile Norden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Møbelbygda Sykkylven lagar langt meir enn sofaer og stolar. Her mellom fjell og fjord ligg også den største produsenten av transformatorar og nettstasjonar i Skandinavia.

– Det går så det kvin! Vi er svært fornøgde med tingenes tilstand. Ved årsskiftet kjem vil til å nærme oss ei omsetning på 315 millionar kroner. Det er ny rekord, seier ein strålande nøgd Tor Rieve Kristiansen, administrerande direktør ved bedrifta.

Møre Trafo

Fabrikken ligg på industriområdet på Aursneset.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Han og dei 130 medarbeidarane ved fabrikken like ved ferjeleie på Aursneset, leverer varer til kundar i heile Skandinavia, men aller mest til innanlands, der dei har over 50 prosent av den norske marknaden for transformatorkioskar.

Fleire årsaker til suksessen

Hovudkunden er kraftselskap, men også annan industri og jernbaneselskap står på kundelista. Når pila no peikar rett til vers, har det fleire årsaker, seier leiinga.

– Vi er ikkje så avhengige av konjunkturane som deler av industrien elles. Dessutan har EU sett nye og høgare krav til ytinga for transformatorar, og i tillegg har norske styresmakter bestemt at nettstasjonar til kraftliner skal vere på bakkenivå og ikkje i stolpar. Det gir arbeid for oss, forklarer Rieve Kristiansen.

Møre Trafo-leiing

- Her går det for fullt, slår fabrikksjef Steinulf Grøvik t.v. og administrerande dirketør Tor Rieve Kristiansen fast.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Når så norsk energiforsyning har eit stort etterslep i investeringar og det også skal gjerast vedlikehaldsarbeid på varene, får fabrikken fullt opp med arbeid.

– Vi trur at marknaden vil vere bra i mange år framover, legg Tor Rieve Kristiansen til.

Handemakt og kunnskap

Fabrikken har produsert transformatorar i snart 65 år, og blei starta av gründeren Oddvar Rieve Kristiansen. Bedrifta er framleis ei familiebedrift med dagens leiing som andre generasjons drivarar. Fabrikken har fleire avdelingar og dekker i dag lokale på heile 11.000 m2 .

Produksjonen er spesialisert, og i tillegg til robotar og automasjon, krev det handemakt og handlag.

Steinulf Grøvik

Steinulf Grøvik slår fast at mykje av produksjonen krev handlag og handemakt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Ved vikleavdelinga driv vi mellom anna spoling, og her er den menneskelege handa heilt avgjerande. Det same kan seiast om arbeidet med motering, pakking og delar av den mekaniske avdelinga, seier fabrikksjef Steinulf Grøvik.

Fordi det er så spesialisert og få andre driv med slikt her i landet, baserer mykje av produksjonen seg på at arbeidarane lærer opp kvarandre.

– Vi har ein lojal og dyktig arbeidsstokk. mange har jobba hos oss i både 25 og 30 år, og mang ein pensjonist har hatt ønskje om å kunne halde fram i produksjonen. Det borgar for godt arbeidsmiljø, seier Grøvik.

Elise Tandstad

Elise Tandstad er ei av dei 130 tilsette ved Møre Trafo. Handemakt brukar ho dagleg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK


Dårleg vêr er god medspelar

Administrerande direktør Tor Rieve Kristiansen meiner det ikkje er heilt tilfeldig at han har namnet "Tor".

Tor med hammaren er vår allierte. Transformatorar er sterke og tåler mykje, men lynnedslag tåler dei lite av. Når lynet slår ned. gir det oss arbeid, smiler han.

Når årets produksjon skal teljast opp, har bedrifta truleg laga rundt 3000 transformatorar og 900 nettstasjonar.

– Vi ser positivt på framtida, slår fabrikkleiinga fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL