Møre bispedømeråd om ny preses

Det nyvalde Møre bispedømeråd går inn for Olav Fykse Tveit som ny preses i Den norske kyrkja etter Helga Haugland Byfuglien. Avrøystinga i bispedømerådet var skriftleg og ei røyst var blank. Også bispemøtet har nominert Olav Fykse Tveit til ny preses. Fykse Tveit var sokneprest i Haram på slutten av 80-talet og er i dag generalsekretær i Kyrkjenes verdsråd.

Olav Fykse Tveit, generalsekretæren for Kirkenes verdensråd
Foto: NRK