Hopp til innhold

Moldensar slo sprintrekordar

Dei 16 år gamle kretsrekordane i Møre og Romsdal på 100 m og 200 m vart grundig slått i helga av Simon Rønsholm Sandvik (19) frå Molde-Olymp.

Simon Rønsholm Sandvik

GJORDE GOD FIGUR: Simon Rønsholm Sandvik er den nestbeste sprintaren i landet, etter gode løp i helga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sprintaren sprang laurdag 200 meter på tida 21.32 i eit internasjonalt stevne i Helsingborg i Sverige.

Den gamle kretsrekorden til Arill Larsen fra Mørejarl FIK var på 21.40 frå 1994.

Tida til Rønsholm Sandvik er også ny midt-norsk rekord - berre 11 hundredelar bak noregsrekorden for juniorar, som John Ertzgaard sette i 1996.

Slo fleire rekordar

Simon Rønsholm Sandvik følgde opp søndag med kretsrekord på 100 meter med tida 10.60. Den gamle rekorden til Arill Larsen var på 10.66, også den frå 1994.

Også dette er ny midtnorsk rekord. Den gamle hadde Arve Stokke fra Stjørdals Blink på 10.62.

God nok for VM

Tidene til Molde-Olympsprinteren er godt under krava til junior-VM i Canada i sommar, men fristen er gått ut.

Simon Rønsholm Sandvik er no den nestbeste sprintaren i landet, bak Jaysuma Ndure.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL