Etter å ha slått ut KÍ Klaksvík med nervepirrande ekstraomgangar er det berre eitt lag som står igjen før Molde oppnår det dei har drøymt om sidan 90-talet. Å ta seg til europaspel i sjølvaste meisterligaen.
Onsdag er Galatasaray SK frå Europas største by, Istanbul, i Molde. Dei tyrkiske tilhengarane er kjende for å vere særleg entusiastiske.
Fansen kan ha eit så høgt desibelnivå at dei tok verdsrekorden for mest høglydte publikumsbrøl i 2011, før eit lag i amerikansk fotball slo dei igjen.
Byen førebur seg til kamp
I tillegg til lydnivået har det òg tidlegare vore opptøyar rundt Galatasaray-tilhengarane, som mot Marseilles i 2021 og Besiktas i 2013.
Sjef for tryggleiken på Aker Stadion i Molde er Arve Tovan. Dei reknar med at det kjem over tusen bortetilhengarar på kampen.
– Vi såg det i korta tidleg at vi kunne risikere å møte dei. Våre analysar tilseier det at det ikkje er nokon risikosupporterar som kjem. Dei fleste kjem frå Skandinavia og særleg Noreg, seier Tovan.
Supporterane stod klare då dei tyrkiske spelarane kom til Molde tysdag.
Foto: Roar Strøm / NRKEin av Galatasaray-tilhengarane som skal på kamp er Yasin Unal frå Trondheim.
– Dei kan vere intense, men vi har også kamprutinar som gjer at vi skal forhalde oss til regelverket. Så vi ser fram til kamp og gler oss, seier Unal.
Politiet stiller med ekstra mannskap
Likevel har det vore fleire veker med førebuingar for å sørge for ein god plan for sikkerheita. Dei har blant anna mått samle fleire bortetilhengarar som hadde kjøpt billett på heimesida, i frykt for å ikkje få billett.
– Vi lagar jo beredskapsplanar og vi har møte med politiet. Og vi har møte med representantar som kjem frå UEFA.
Sjef for sikkerheita i Molde, Arve Tovan, meiner det ikkje skal vere ei særskilt høg risiko for bråk under onsdagens
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKPolitiet seier dei har planlagt kampdagen godt sidan det blei klart at Molde skulle møte Galatasaray.
– Vi har ein del erfaring med slike kampar frå tidlegare år. Det skal vere tilstrekkeleg mannskap i kveld slik at det blir ei god oppleving for alle. Det trur vi det blir, men vi er skodd til å handtere det som skal skje, seier innsatsleiar Kjersti Vestavik.
Måtte stenge kommentarfelt
For ei veke sidan måtte klubben stenge kommentarfeltet sitt på grunn av eit forrykande trykk frå Galatasaray-supporterar. Dei ønskte blant anna Molde velkomne til helvete.
Molde-trenar Erling Moe svarte på kommentaren på ein pressekonferanse tysdag:
– Når dei tyrkiske supporterane seier velkomen til helvete før vi skal til Tyrkia, seier vi i Molde velkomne til himmelen.
Molde-trenar Erling Moe (t.h.) og spelar Martin Ellingsen.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKMedan Galatasaray-trenaren forklarte kvifor det kan bli utfordrande når Molde kjem til Istanbul til returoppgjeret neste veke.
– Supporterane våre er fantastiske. I heimekampane er dei veldig effektive, spesielt når vi pressar motstandarlaget, seier trenar Okan Buruk.
Fulle hotell
Allereie dagen etter at Molde slo ut Klaksvik i kvalifiseringa førre veke var alle hotella i Molde fullbooka for 23. til 24. august.
Billettane til kveldens kamp blei også utselde på kort tid.
– Trykket har vore stort. Det kunne ikkje vore særleg høgare. Det er enorm interesse, både frå tyrkiske supporterar og frå MFK-supporterar, seier marknadsdirektør i Molde Fotballklubb Per Eikrem.
Molde FK førebur seg her på å ta imot sterk tyrkisk motstand onsdag kveld.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKSpelar om millionsum
Viss Molde skulle slå Galatasaray får laget opp mot 200 millionar kroner for meisterligadeltakinga, i tillegg til eit pengedryss til dei andre eliteserielaga.
– Eg har ikkje tenkt så «jækleg» mykje over desse pengane. Det viktigaste for meg er at vi gjekk vidare. I ein fotballklubb er det alltid nok å bruke pengar på, sa Molde-trenar Erling Moe på pressekonferansen etter heimekampen mot Klaksvik i førre runde.