Hopp til innhold

Mohamad (25) fekk ikkje napp hos utleigarane

Mohamad Nour Almaaz trur namnet hans er grunnen til at utleigarane ikkje svarte han eller tok kontakt. Han har tenkt det kanskje hadde vore lettare å byte namn.

Mohamad Nour

Mohamad Nour Almaaz har tenkt det kanskje hadde vore lettare å bytte namn.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Sist veke la Mohamad Nour Almaaz ut eit innlegg på Facebook, der han igjen ba om å få leige ein plass å bu i Volda. Han har lenge leita etter ein eigen bustad, sendt tallause meldingar og skrive mange kommentarar.

Lengre ned i innlegget kom det fram at han trur utleigarane unngår å svare han.

Skjemdump av Facebookinnlegg

Skjermdump av Facebookinnlegg

Foto: Skjermdump

– Eg følte meg dårleg. Er det på grunn av namnet mitt? Fordi eg er innvandrar? spør han.

I 2015 måtte han flykte frå Syria på grunn av krig.

To år etter flytta han til Volda. Sidan har han jobba i ein barnehage, samtidig med at han har gått på skule.

– Eg har lenge prøvd å finne ein eigen bustad. Sjølv om eg var den første som kontakta utleigarane i kommentarfelta, svarte dei ikkje meg, men dei svarte andre, seier han.

Rasisme i leigemarknaden er eit problem

Ninthu Paramalingam er ein av dei som står bak kontoen Min_drittleilighet på Instagram.

Kontoen er drive av Reduser husleia, eit aktivistkollektiv som har organisert seg for å jobbe for ein betre bustadpolitikk.

Skjermdump av kontoen "min_drittleilighet"
Foto: Skjermdump

Reduser husleia set mellom anna fokus på rasisme i leigemarknaden. Ninthu Paramalingam seier at dei med sikkerheit kan seie at det er eit samfunnsproblem.

– Folk frå heile landet sender inn historier til oss. Det er generelt få rettigheiter i ryggen til leigetakarane. Det er enda mindre fokus på at rasisme er eit lovbrot frå utleigarane si side, seier ho.

Ninthu Paramalingam. En av initiativtakerne bak kontoen.

Ninthu Paramalingam meiner Noreg treng et ordentleg bustadtilsyn som beskyttar leigetakarane.

Foto: Tuva Eid

Nokre av historiene dei får inn er av typen at gutar med afrikansk bakgrunn ikkje oppfører seg, at indiske lagar mat som luktar – difor ønskjer dei ikkje å leige ut til dei.

– Utleigarane har makt over leigetakarane, og moglegheit til å bestemme over menneske sin rett til bustad, understrekar Paramalingam.

Ho seier Noreg treng et ordentleg bustadtilsyn som beskyttar leigetakarane.

Mange saker i gråsona

Linn Landro og Liban Salad frå Antirasistisk Senter, kan fortelje at dei jamleg får meldingar frå folk som har opplevd rasisme i leigemarknaden.

– Det er mange saker som også er i gråsona, som det er vanskeleg å konkret seie at det er snakk om rasisme. Omfanget av det blir difor vanskeleg å seie noko om, seier Landro.

Dame med mørkt hår, sort hals og rød jakke

Linn Landro er leiar for avdelinga «JobbX» i Antirasistisk Senter.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

– Vi har sett fleire gonger i arbeidsmarknaden at namnet kan stoppe ein frå å få eit intervju, og det kan vi seie gjeld i leigemarknaden også, seier Salad.

Dei meiner at ein først må forstå kor omfattande problemet er, før ein kan komme med forslag til korleis dette kan bli betre.

– Det må bli sett lys på og verkeleg bli undersøkt, understrekar Salad.

Innlegget endte med napp

Etter massiv støtte i kommentarfelta frå folk som kjente til Mohamad Nour Almaaz, fann han til slutt nokon som ville leige ut til han.

Sjølv trur han ikkje han hadde funne noko, utan at han hadde posta innlegget.

Mohamad Nour

Mohamad Nour Almaaz kom som flyktning til Volda 2017.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

– Eg er veldig takknemleg. Eg set stor pris på alle som delte innlegget mitt og støtta meg, seier han med eit smil.