Hopp til innhold

Ustabil mobildekning rammar Bygde-Norge – vil halde på fasttelefonen

VANYLVEN (NRK): Telenor vil fase ut fasttelefonen. Det skaper bekymring i distrikta.

Bjarne Almklov, Inger Almklov, Lena Landsverk Sande.

DÅRLEG DEKNING: Har vi god nok dekning til å ringe eller sende SMS? Det er eit spørsmål Erling og Inger Almklov spør seg ofte. Til venstre ordførar Lena Landsverk Sande, som sjølv bur lenger nede i Almklovdalen i Vanylven kommune på Sunnmøre.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

– Vi er heilt avhengige av telefon og internett for å kunne bu her. Alt er lagt opp på e-post og telefon i dag, sukkar Erling Almklov.

Saman med kona Inger bur han i Almklovdalen, om lag ein halvtime frå kommunesenteret Fiskå i Vanylven kommune lengst sør på Sunnmøre.

Erling Almklov

Med ustabilt mobildekning er fasttelefonen god å ha for Erling Almklov.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Skal Erling og Inger bruke mobiltelefon må dei gå til bestemte plassar i huset for at samtalane ikkje skal bli brotne. Dekninga er i beste fall ustabil. Ute i løda er det heilt håplaust.

Derfor er fasttelefonen eit godt alternativ for dei som bur lengst oppe i Almklovdalen.

– Kundane forsvinn

Men no varslar Telenor at dei vil kutte ut denne tenesta, som har gått frå over to millionar abonnentar til om lag 200 000 no.

– Talet fall med 25 prosent i fjor. Vi reknar med kundane forsvinn fort, seier Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør i Telenor.

Men at Telenor ønskjer å kutte ut fasttelefonen innan 2023, og at dei sende eit varsel om at dei sluttar å feilrette innan 1. mai i år, uroar mange.

– Eg forstår at Telenor vil fase ut fasttelefonen og bruke mindre pengar på vedlikehald. Men eg forstår også at folk er bekymra, seier ordførar Lena Landsverk Sande (V).

Arne Quist Christensen

Arne Quist Christensen i Telenor seier at dei har eit ansvar for å levere taletenester til alle i landet. Dei ber om at folk som har problem med dekninga tek kontakt, så blir folk sendt for å rette feilen – så sant kunden ikkje har andre alternativ, til dømes fiber.

Forstår bekymringa

Telenor har ikkje gode nok tal på kor mange personar eller husstandar i Norge som er råka av manglande dekning. Men dei har fått med seg problema med fasttelefonen fleire stader i Norge.

Tysdag etter påske kjem dei til Vanylven for å snakke med formannskapet om situasjonen.

– Basert på den kommunikasjonen vi har hatt så langt, så forstår eg at folk er bekymra. Vi har ikkje vore flinke nok til å fortelje kva alternativet er og når alternativa kjem. Telenor koplar ikkje nokon fastbuande ned før det eksisterer eit alternativ frå oss eller andre tilbydarar i området, seier Arne Quist Kristensen.

Det betyr altså at varselet dei sende ut om at dei ikkje feilrettar etter 1. mai var misvisande.

Kristensen ber dei som har problem med dekninga om å kontakte Telenor direkte, for det er ikkje alltid kart og terreng stemmer hos dei.

Telefonkiosk Årvika, Larsnes, Sande

I mange år kunne ein nytte telefonkioskar til å ringe. Denne telefonkiosken i Årvika i Sande kommune på Sunnmøre har no status som verna kulturminne.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Fiber kan bli løysinga

Erling og Inger Almklov skulle helst ønske at mobilnettet var så godt at dei kunne klart seg utan fasttelefon. Og kanskje blir dei snart bønnhøyrde.

Ifølgje Lena Landsverk Sande har Vanylven ein intensjon om å byggje fiber over heile kommunen.

Inntil vidare håper ho innbyggjarane får orden på taleproblematikken.

– Fasttelefonen er tryggare når alt ryk. Vi kan ikkje gamble med beredskap og sikkerheit. Det kan ikkje vere slik at nokre har bra tenester, medan andre ikkje har i det heile. Du skal kunne bu kvar som helst i Norge og snakke i telefon, seier ordføraren.

Bjarne og Inger Almklov, Lena Landsverk Sande

Ordførar Lena Landsverk Sande studerer fasttelefonkabelen som går fram til huset til Erling og Inger Almklov.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK