Hopp til innhold

Mistar storkontrakt

Volda Mineralvatn mistar sin største kunde når Rema kjøper alle Lidl-butikkane her i landet.

Lidl har stått for over 70 prosent av omsetninga til brusfabrikken dei siste åra.

Styreleiar Tor Andersen håpar dei no skal finne ei løysing med å kunne levere til Rema-butikkane.

- Det er klart det må vere mogleg å få til eit samarbeid mellom oss og Rema, seier Andersen.

Dei siste fire år har Volda Mineralvatnfabrikk med sine 15 tilsette levert brus og mineralvatn til dei 50 Lidlbutikkane her i landet. Avtalen har vore viktig for brusfabrikken som gjennom fleire år har slitt med stram økonomi med store underskot i 2003, 2004, 2005 og 2006 og ein liten pluss i 2007.

I dag er det Grans Bryggeri i Sandefjord som leverer til Rema-butikkane. Rema-kjeda er også inne på eigarsida i bryggeriet med ein eigardel på 50 prosent.

Innkjøpsdirektør i Rema 1000, Martin Klafstad, seier dei likevel vil prøve å halde fram med eit samarbeid med Volda Mineralvatn.

- Med dei produkta og den kompetansen som Volda Mineralvatnfabrikk har så er eg sikker på at vi finn gode løysingar, seier Klafstad.

Klafstad vil ikkje gå nærare inn på kva løysing dette kan vere snakk om, men brus og vatn er dyre varer å transportere. Geografi er difor eit av momenta som vil verte vurdert, seier han

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL