Hopp til innhold

Milliontoalett opna

Om du har behov så har du no også mulegheita på ferjekaia på Linge!

Toalettet på Linge
Foto: Britt Ingunn Maurstad

I dag blei det nye venteromet og toalettet på ferjekaia på Linge i Norddal opna.
Regionvegsjef Berit Brendskag Lied stod for den offisielle opninga.

Millionprosjekt

Bygginga av dei nye toaletta på Linge fekk statleg drahjelp då dei gamle takka for seg. To millionar kroner frå krisepakken blei løyvd for å dekke behovet for trengande reisande.
Ferjestrekninga mellom Linge og Eidsdal er inngangsporten til verdsarvområdet, og til turistmetropolen Geiranger. Behovet for eit toalettanlegg som fungerer er stort når området får besøk av nær ein million reisande i året.

Har venta lenge

Optimistar hadde håpt av opninga skulle skje for eitt år sidan, men bygginga har tatt tid. No står anlegget klart, med eit venterom som heng utfor kaikaten. Det er lagt vekt på å finne ei spanande form på bygget.
Uansett; no har du sjansen til å få dekka behova dine også på Linge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL