Hopp til innhold

Millionar til drenering av Åknesremna

NVE får 15 millionar kroner til drenering av Åknesremna i Storfjorden. Dette kan vere med og stabilisere det rasutsette fjellpartiet.

Åknes

Åknesremna blir stadig breiare. Om utvidinga held fram, kan store mengder fjell skl ut og hamne i fjorden og utløyse ei enorm flodbølgje.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Åknesremna er ein stor sprekk i fjellpartiet over Åkneset i Storfjorden. Sprekken har utvida seg dei siste åra. Om utvidinga held fram kan eit stort fjellparti rase i fjorden og utløyse flodbølgjer som kan skape enorm skade i bygder som Hellesylt, Geiranger og andre bygder langs Storfjorden.

Rigmor Andersen Eide

Rigmor Andersen Eide representerer KrF på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

I statsbudsjettet som regjeringspartia og støttepartia Venstre og Kristeleg folkeparti no er samde om ligg det inne 15 millionar kroner til eit dreneringsprosjekt. Å fjerne vass-straumane i fjellet har særleg det siste året kome opp som ein meir og meir aktuell metode for å stabilisere fjellet.

– Dette er pengar som vi har kjempa for i budsjettforhandlingane. Og eg er svært glad for at vi har vunne fram med dette prosjektet, seier stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide til NRK.

Andersen Eide legg vekt på at løyvinga kan bety svært mykje for tryggleiken langs fjorden. Dei 15 millionar kronene er ei startløyving som skal følgjast opp under behandlinga av statsbudsjetta dei komande åra.

– No skal prosjektet startast. Og det var svært viktig å få på plass dei 15 millionar kronene denne gongen, seier Rigmor Andersen Eide.