Hopp til innhold

Milliarddryss over norske bønder

I dag er det den store «lønningsdagen» for norske bønder. Statens landbruksforvaltning betalar ut 5,4 milliardar kroner i tilskot.

Gardsbruk

Norske bønder får i dag 5,4 milliardar kroner. Dette er den største av to årlege utbetalingar av statstilskot.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Bonde Inge Martin Karlsvik i Eide er ein av dei mange norske bøndene som ser fram til at pengane skal kome inn på konto om eit par dagar.

Desse pengane kjem svært godt med. Vi får tilskot to gonger i året. Den som kjem no er den største. Den andre får vi ved St. Hans-tider, fortel Karlsvik.

– Slik opprettheld vi landbruket

Utbetalinga som kjem no er basert på storleiken på gardane. Neste utbetaling tek utgangspunkt i talet på dyr på gardane. Tilskotet skal gjere det mogleg å drive gardsbruk over heile landet.

Inge Martin Karlsvik

Inge Martin Karlsvik er bonde og leiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Dersom det ikkje var for desse tilskota hadde det nok berre vore mogleg å oppretthalde landbruket i Trøndelag, på Jæren og det sentrale Austlandet. Tilskotet er med på å oppretthalde ein variert struktur i landbruket. Om vi skulle basere oss berre på pengane som marknaden kunne gje, hadde vi nok ikkje klart å få dekt det produksjonen av landbruksprodukt faktisk kostar, seier Karslvik.

– Gler seg til denne dagen

Det er landbrukskontora i kommunane, landbruksetaten hos fylkesmennene og Statens landbruksforvaltning som administrerer tilskotsordninga. Også i desse etatane merkar dei at det er visse forventningar blant bøndene på ein dag som denne.

– Mange bønder gler seg til denne dagen. Det er ganske mykje pengar som skal ut no i dag. Dette betyr mykje for mange, seier rådgjevar ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Arnold Hoddevik.

– Får de telefonar med spørsmål frå bøndene?

Mange ser med forventning til kva sum dei får utbetalt. Dei har fått god orientering om kva satsar som gjeld. Av og til får vi telefon dagane før, frå bønder som lurer på om ikkje pengane kjem snart, fortel Hoddevik.

Men alle er vel ikkje like nøgde?

– Nokre er ikkje heilt nøgde. Dei må ta kontakt med kommunen sin, seier Hoddevik.

Differensierte tilskot

Det ligg føre eit omfattande regelverk som styrer utbetalinga til bøndene. Det blir teke omsyn til areal, kulturlandskap, økologiske drift, dyr på beite, produksjon av mjølk og produksjon av kjøt.

– Pengane skal vere med og oppretthalde landbruket over heile landet. Dei som driv små bruk får litt meir for kvart dyr og areal enn dei som har store gardar. Dei store har stordriftsfordelar, fortel Hoddevik.

– Mindre subsidiar enn oljenæringa

Bøndene har 2 hovudinntektskjelder. Den eine er inntektene som kjem frå marknaden. Den andre er overføringar frå staten.

– Landbruket er ei viktig næring, og vi har berre halvparten så mykje subsidiar som oljenæringa. Skulle vi ta bort overføringane det berre vere dei største gardane i Noreg som ville klare seg. Med overføringane klarer vi å halde eit rimeleg prisnivå på produkta overfor forbrukarane, seier Karlsvik.

– Viktige landbruksforhandlingar

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om landbruket som skal opp til behandling i Stortinget i løpet av våren. Denne meldinga legg opp til auka matproduksjon i Noreg. Noko av bakgrunnen er at det er venta ein sterk auke i folketalet i Noreg.

– Landbruksforhandlingane, som tek til rett etter påske, vil vise om regjeringa meiner alvor med det som står i stortingsmeldinga om landbruket. Vi treng eit konkurransedyktig landbruk, og det er viktig å legge til rette slik at ungdommen tør å satse på næringa, seier Karlsvik.