Hopp til innhold

–Kutta i mjølkeproduksjonen er gått for langt

–Smørmangelen er eit symptom på mjølkemangelen, meiner fylkesleiar i Bondelaget, Inge Martin Karlsvik.

Inge Martin Karlsvik

Fylkesleiar i Bondelaget, Inge Martin Karlsvik, vil auke mjølkeproduksjonen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Inge Martin Karlsvik ser den akutte smørmangelen, og behovet for import frå utlandet, som eit varsel om at vi har gått for langt i kutt i mjølkeproduksjonen.

–Mjølkeproduksjonen i landbruket går ned. Det blir fleire og fleire som sluttar. Fram til no har vi klart å oppretthalde produsert mengde, men no klarer vi ikkje det lenger, seier Karlsvik.

To tredjedelar av norske bønder er borte dei siste tretti åra og bare i Møre og Romsdal er talet på mjølkebønder halvert.

Grunnlag for bekymring

–Vi har vorte under 1000 mjølkeprodusentar for fyrste gong. Vi har ikkje lenger nokon "buffar" med overskotsmjølk. All mjølk går med og det er ein langsiktig trend at vi treng meir mjølk i Noreg, seier Karlsvik.

No kutter myndigheitene i tollen for at vi skal berge oss i jula med å importere smør. Samtidig må Tine kutte i osteproduksjonen, noko som i neste omgang kanskje kan gje oss ostemangel.

No må vi ta signala og snu dette, meiner Inge Martin Karlsvik.

–Den norske mjølkeproduksjonen må opp, og det må vi leggje til rette for både med politiske verkemidla og med prispolitikk på mjølk.

Landbruk og industri må stå saman

Som ei kortsiktig løysing er det greitt å berge seg på smør og mjølk laga av utanlandske kyr, meiner Karlsvik. Men på lang sikt må vi løyse dette innanlands.

–Her må landbruk og industri stå saman, seier fylkesleiar Karlsvik.