Hopp til innhold

Mens me ventar på Geir

For 12 år sidan laga dei den første i verda. Snart er den neste klar. Sjå bileta!

Den nye Geir

GEIR ANNO 2010: Slik skal den nye Geir-båten verte. Fiskerstrand verft skal ha den klar i august.

Foto: Fiskerstrand verft

Ei ny løsning for å få fangsten om bord har gjort jobben på fiskebåt både enklare og tryggare.

I august skal nummer to vere klar, men me har allereie tjuvkikka.

SJÅ BILETA HER ->

- Uaktuelt å kjøpe tradisjonell båt

Det er Fiskerstrand verft i Sula som har bygd båten, etter modell av ein dei bygde for H. P. Holmeset for 12 år sidan. Den gong bygde verftet ein linebåt med eit heilt nytt system for å hente opp fangsten frå havet.

Tradisjonelt hentar fiskebåtar inn fangsten frå ei luke på sida av båten, men i 1998 bygde verftet ein båt med dragarbrønn i midten. Dette gjorde dei i samarbeid med forskarar frå Sintef, og i dag eig dei patentet saman med Sintef. Då Holmeset-brørne skulle kjøpe ny båt ville dei ha maken.

- Det hadde vore heilt uaktuelt å kjøpe ein båt med den tradisjonelle løysinga. Då hadde me heller oppgradert den førre me kjøpte, seier Arild Holmeset.

- Gir tryggare båt

Saman med reiarbror Hallgeir Holmeset og Fiskerstrand verft sin prosjektleiar Per Asle Fiskerstrand gir han gjerne ei omvising i det nye skipet.

Hallgeir Holmeset, Arvid Holmeset og Per Asle Fiskerstrand

VISER RUNDT: Hallgeir Holmeset (t.v.), Arvid Holmeset og Per Asle Fiskerstrand ved dragarbrønnen.

Foto: Heidi Fagna

Det vert sveisa og hamra og banka rundt øyrene på dei, men om berre tre månader eig reiarlaget to linebåtar med innvendig dragarbrønn midt i skipet.

- Dette gir ein tryggare båt. Før måtte ein opne ei luke på utsida av skipet, og få inn fisken så kjapt som råd. No vert den heist opp midt i skipet. Det er gir betre arbeidsforhold for mannskapet og ein minkar risikoen for kantring, seier Per Asle Fiskerstrand.

Kristiansundsverftet Sterkoder har bygd to båtar med dragarbrønnsystemet i midten, etter at den vart utvikla i 1998. Dette er den andre som vert bygd på Fiskerstrand, så totalt vert dette den fjerde båten av dette slaget.

I t-skjorte og forklede

Arild Holmeset seier erfaringane med den første er gode.

Arvid Holmeset og Per Asle Fiskerstrand

PÅ BRUA: Arvid Holmeset og Per Asle Fiskerstrand.

Foto: Heidi Fagna

- Det me opplever er i dag er eit mannskap som gjerne vert overraska over kor dårleg veret er når dei kjem i messa og ser ut. Då har dei nettopp dradd line i t-skjorte og oljeforklede, seier Arild Holmeset.

Prislappen på båten er på 170 millionar kroner, og difor håper Holmeset-reiarane å få opp fisk til rundt 50 millionar kroner i året.

Dei håper også å få yngre fiskarar i garnet.

- Me håper dette gjer oss meir attraktive for arbeidstakarane. Det er viktig å tiltrekke seg dei beste, seier Holmeset-brørne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL