Fleire kvinner i Sykkylven har fortalt politiet at dei har blitt oppringt og fått tilbod om å ta del i seksuelle handlingar på film og bilde, og også fått tilbod prostitusjon. Kvinnene er uroa over oppringingane.
Rykter
Den siste tida har det gått rykter i Sykkylven om desse oppringingane. No er altså ein mann meldt til politiet, etter at 12 kvinner har kontakta politiet. Oppringingane starta rundt 1. mai og det er kvinner i alderen 15 til 40 år som har blitt kontakta.
Prioritert
Politiet ser alvorleg på det som har skjedd og vil prioritere arbeidet med å finne ut kven som står bak. Politiet har ingen mistenkte.