Hopp til innhold

Meir til veg og bruer

Fleirtalet i samferdselsutvalet vil plusse på budsjettet for å dekke det kritiske behovet for vedlikehald av vegar og bruer.

 

Det skjer i påvente av ein statleg vedlikehaldspakke.

Pengane finst ikkje no, men Iver Nordseth frå Venstre forsvarer påplusninga på 40 millionar kroner til meir asfalt.

Han seier fylkeskommunen må halde oppe en viss aktivitet på asfaltering neste år.

Helge Orten frå Høgre meiner politikarane bør vente til den statlege vedlikehaldspakken er på plass.