Hopp til innhold

Meir regn og sterk vind i dagane framover

Det er berre å stålsette seg, for styggevêret slepp ikkje taket med det første. No bør du rydde vekk lause gjenstandar, for det er i tillegg meldt sterk vind.

Vind, regn og paraply i Stavanger

Både vind og regn vil herje i Møre og Romsdal i dagane framover.

Foto: Erik Waage/NRK

Det har plaska ned fleire stadar i Møre og Romsdal over lang tid, men det ser ikkje ut til å betre seg med det første. Likevel har det vore mindre regn i Møre og Romsdal enn sør i landet.

Frode Hassel

Meteorolog Frode Hassel ber folk stålsette seg på meir regn og vind i dagane framover.

Foto: Marit Hommedal

– Vinden vi har varsla er litt forsinka, men den er på veg. Vi reknar med at det blir ein nordvestleg sterk kuling på kysten, først på Sunnmøre og så vil det spreie seg oppover i fylket i løpet av dagen, seier meteorolog, Frode Hassel.

For augneblinken bles det mykje sør for Stadt, og lågtrykket ligg like søraust for Ålesund no.

Sterk kuling til liten storm på kysten

Lågtrykket treff først i sør, men så vil det spreie seg nordover.

– Det vil også halde fram å regne utover dagen i dag. Når vinden kjem i tillegg, vil regnet ta seg opp, seier Hassel.

– Vinden kan kome opp i sterk kuling, og kanskje liten storm på kysten. Det blir ein god del vindkast.

Mot kvelden vil det minke på regnet, først i sør. Vinden vil halde fram, og det vil vere liten til stiv kuling også i morgon.

– På torsdag ser det ut til å roe seg ned. Då blir det generelt lettare vær og vi får eit lite pusterom frå regnet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL