Det er klart etter eit møte i likestilllingsutvalet i dag.
Utvalsleiar Gudny Fagerhol meiner biskopen er ansvarleg for at kvinnelege prestar ikkje blir sett til side av prestar som ikkje vil ha gudsteneste i fellesskap med kvinnelege prestar.
Gudny Fagerhol
Kvinneprost sett til side
Bakgrunnen for at likestillingsutvalet no ber biskop Odd Bondevik rydde opp er knytta til vigslinga av Herøy kyrkje i februar. Soknepresten i Herøy vil, utifrå sitt bibelsyn, ikkje ha gudsteneste i fellesskap med kvinnelege prestar.
Prosten på Søre Sunnmøre, Evy Kvamsdal, deltok ikkje i den høgtidlege prosesjonen då kyrkja blei vigsla.
Odd Bondevik og prost Evy Kvamsdal
Krev endringar
Retningslinene som presteforeininga jobbar etter opnar for at mannlege prestar kan reservere seg mot gudstenestefellesskap med kvinnelege prestar.
Men leiaren i likestillingsuvtalet i fylket krev no at kyrkja endrar desse reglane. Biskop Odd Bondevik seier likestillingsspørsmålet innan både presteforeininga og kyrkja no kjem på dagsorden.