Hopp til innhold

Meir enn Mannen å tenke på

Det rasutsette fjellpartiet er rett nok eit av dei mest populære reisemål i distriktet for tida. Men for den nye styreleiaren i destinasjonsselskapet Visit Nordvest må hovudfokuset vere dei som kan bli ramma om og når Mannen skulle rase.

Romsdalen mot sør - Mannen innsirklet

Etter at Mannen byrja å bevege på seg har fjellpartiet fått stor merksemd. Mange ønskjer å sjå nærare på det rasutsette fjellpartiet.

Foto: Norge i 3D

Då er det nok mest som ordførar Lars Olav Hustad uttalar seg. For med tanke på reiseliv må han vedgå at Mannen kunne vore betre utnytta kommersielt.

Visit Nordvest blir med andre ord framleis styrt av ein Raumaværing. Ordførar Hustad har overtatt ansvaret som rådmann Oddvar Vassli har hatt. Og som styreleiar må han sjå ut over eigen kommune.

Må vere svoltne

Raumabanen

Ein må ta omsyn både til dei som bur i området og til dei som ønskjer å utnytte Mannen og Raumabanen til turistformål.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Men Mannen kan vere eit døme på at Visit Nordvest må bli enda meir svolten, og bli flinkare til å utvikle fleire produkt, og gjere publikum merksame på dei. For vi har ufatteleg mykje å by på.

Nokre reisemål er velkjende og står der nærast og sel seg sjølv. Men både dei som «står der» og dei andre reisemåla krev jobbing.

– Det er viktig i seg sjølv at turistane kjem og køyrer over Trollstigen. Og det er flott at dei får sett og fortalt vidare. Men vår jobb er å få dei til å stoppe, gjerne over lengre tid, slik at dei legg igjen nokre kroner.

Skreddarsydd opplegg

Eit verkemiddel er at dei attraktive produkta får eit ferdig opplegg, som turistane kan bestille digitalt.

– Når turisten har sendt si bestilling så skal dei vite at når dei kjem hit så er det lina opp for dei frå a til å.

Men så er det om å gjere alle til lags i nærområdet også. For det blir ikkje mykje pengar i Åndalsnes sentrum viss cruiseturistane blir bussa vekk med ein gong dei legg til kai.

– Det er litt Ole Brumm og jatakk begge dele ... for det er viktig for Raumabanen og dens eksistens at turistane tar togturen til Bjorli og tilbake igjen. Men vi må nok bli flinkare til å legge til rette for at dei også skal stoppe opp i sentrum ei tid. For her er eit stort unytta potensial.

Eit stort felles reisemål

Visit Nordvest skal vere destinasjonsselskapet for heile Nordmøre og Romsdal. Og Hustad er klar på at ein kan sjå på heile området som eit felles reisemål.

Atlanterhavsvegen

– Vår region er ikkje større enn at den kan bli marknadsført under eitt, meiner styreleiaren i Visit Nordvest.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det kan vere at vi har bomma litt, og berre marknadsført vårt område og vår kommune. Men når vi sjølv reiser ut så besøker vi gjerne ein region. Og i internasjonal målestokk er reiseavstanden i Nordmøre og Romsdal ingen ting, og heller ikkje Sunnmøre.

Hustad meiner difor at det på sikt bør vere eit destinasjonsselskap som har ansvar for heile regionen, det vil seie heile fylket.

– Kjem det nokon og vil besøke Atlanterhavsvegen vil dei også garantert ønskje å besøke Trollstigen.