Hopp til innhold

Meiner designerstol vart redusert til billegprodukt

Då Eva Mork frå Ålesund designa stolen Flukt, drøymde ho om at dette skulle bli starten på noko stort. No hevdar ho at produsenten av stolen har øydelagt den.

Ein stol for framtida, tenkte Eva Mork frå Ålesund då ho designa ein splitter ny stol.
I dag meiner ho at produsenten har gjort stolen til eit produkt som handlar om pris, og ikkje design...

Designer Eva Mork meiner at produsenten av stolen hennar, har øydelagt den.

NRK gjer merksam på at designeren etter publiseringa av artikkelen har vidareutvikla produktet i samarbeid med andre aktørar. Ho har ikkje lenger avtale med den omtalte produsenten.

Det var ein bevegelsen til ein måke som var inspirasjonen til stolen Flukt, som Eva Mork frå Ålesund designa. Då stolen vart stilt ut på møbelømessa i Stockholm i 2003 fekk den gode kritikkar. Mork fekk råd frå andre designarar og Innovasjon Møbel om å finne nokon som kunne produsere stolen.

– Eg selde stolen til ein produsent som reduserte stolen frå å bli eit anerkjent designprodukt langt utover Norges grenser til å bli eit Rimiprodukt der det handla om pris, hevdar designeren.

Ho meiner at produsenten blant anna gjorde endringar på stoffet utan hennar samtykke.

Eva Mork

Eva Mork fekk råd frå andre designarar om å selge stolen til ein produsent. Det angrar ho på no.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Har rett til å produsere stolen

Stolen vart produsert i Litauen. Produsenten gjekk konkurs, men heldt fram med å selje stolen gjennom sitt nye firma.

Mork meiner det er brot på avtalen mellom dei, medan produsenten Scan Sørlie hevdar dei hadde rett til det.

– Det selskapet som har produsert stolen i ettertid, har kun brukt dei delane som var i konkursboet. Vi fekk fortalt av bubestyrar at det har vi rett til, men ikkje å kjøpe nye delar, skriv dagleg leiar i Scan Sørlie, Morten Vister.

Stolen Flukt

Det er ikkje lett å sjå forskjell på prototypen som ho har heime og den nye stolen som etter kvart blei produsert i Litauen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kjenner seg røva

Designer Eva Mork angrar på at ho lot ein produsent kjøpe stolen.

– Eg meiner eg har blitt frårøva noko som eg var på veg til å få eit økonomisk grunnlag på . Eg kunne ha bygt vidare på ulike prototypar som eg har i atelieret mitt i Spania, seier Mork.