Hopp til innhold

Måtte vente i 9 timar

Ein slag-pasient blei liggande og vente på legen i ni timar i akuttmottaket på Ålesund sjukehus.

Dette skjedde på ein hektisk kveld rett før jul, og Helsetilsynet ber no om at helseføretaket ser på rutinane sine. Sjukehuset konkluderte sjølv med at det hasta med tilsyn, utan at det skjedde.

Det er ein av legane på sjukehuset som sjølv har varsla Helsetilsynet i ettertid.

Ålesund Sjukehus fra sørøst
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK